Kommunereform – kva skjer?

Som kjent har dei fire kommunane Naustdal, Gaular, Jølster og Førde gjort gjensidige vedtak om å slå seg saman. Prosessen er godt i gang, og viktige avgjerder skal fattast i tida framover.

Organisering av prosjektet fram til sommaren 2017

Hausten 2016 gjorde kommunestyra i dei fire kommunane vedtak om korleis prosjektet skulle organiserast fram til sommaren 2017. Styringsgruppe er dei fire ordførarane, men der også rådmennene og prosjektleiaren deltek. Prosjektgruppe er rådmennene og 4 hovudtillitsvalde samt prosjektleiar Øystein Høyvik og Trond Ueland som sekretær i SiS (Samarbeid i Sunnfjord). Prosjekt- og styringsgruppa har jamlege møte ca kvar tredje veke.

Framdrift og vidare organisering

Regjeringa skal på i løpet av vinteren legge fram ei stortingsmelding der dei kjem med forslag til Stortinget om korleis samanslåinga skal skje.

Når Stortinget har handsama saka, skal kommunestyra i dei fire kommunane nemne opp det som heiter ei fellesnemnd. Denne nemnda skal organisere og samordne samanslåingsprosessen. Dei blir ei styringsgruppe med formelle og vide fullmakter m.a. til å tilsette ny rådmann. Kor stor denne fellesnemnda skal vere og kor mange representantar kvar kommune skal nemne opp må avklarast i løpet av kort tid. Hovudprinsippet i lova er at tal representantar frå kvar kommune bør avspegle folketalet i kommunane, men erfaring frå andre samanslåingar er likevel at dette ikkje alltid let seg gjere.

Med dei planane som no ligg føre, skal den nye kommunen vere operativ frå 1.1.2020. Det skal gjennomførast kommuneval hausten 2019 der det nye kommunestyret på 35 blir valt.

Meir informasjon?

Kommunane har etablert felles nettside – prosjektsunnfjord.no – som inneheld ytterlegare informasjon om arbeidet med å etablere ny kommune.

Ansvarleg Øyvind Bang-Olsen. Sist endra 23.01.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Rådmann
  • Tlf: 57816119
  • Mob: 41530111
  • E-post:  
 
 
Login for redigering