Vedtak om retaksering av alle eigedommar i Naustdal

Naustdal kommunestyre har bestemt at det skal skrivast ut eigedomsskatt på eigedomar i heile kommunen. Det er no 10 år sidan sist Naustdal kommune gjennomførte taksering av bustader, og etter normal saksgang gjennomførast det no ny tasering. 

Vi i Naustdal kommune er så heldig at takstnemnda for eigedomskatt har valt å gjennomføre takseringsarbeidet. Dette bidreg til at takseringsarbeidet gjerast på ein god og rettferdig måte, samtidig som at lokalkunnskap ivaretakast. 

Kva er eigedomsskatt?

Eigedomsskatt er ein skatt kommunar sjølv kan gjera val om å innføre, og skatteinntekta i sin heilskap tilfell kommunen. Eigedomsskatten er eit virkemiddel som brukast til å finansiera dei kommunale tenestene.

Eigedomsskatten er ein objektskatt knytt til verdien av eigedomen og ikkje til person slik inntekts- og formueskatten er. Det er alltid tilhøva pr 1. januar i skatteåret som er lagt til grunn.

Innanfor rammene til eigedomslova er det kommunestyret som avgjer prinsippa for utskriving av eigedomsskatt. Kommunestyret i Naustdal har gjort vedtak om ny taksering av heile kommunen, gjeldande frå 2017.

Om takstnemnda

Det er takstnemnda i dokumentet «rammer og retningslinjer» som legg premissane for eigedomskattetaksten på bustader. Skattenemndas rolle, så langt det er mogleg, er å sette ei presis og riktig verdi på bustadar i kommunen. Takstnemnda gjer ein svært viktig jobb for kommunen og dei gjer ein jobb på vegne av kommunestyret.

Eigedomsskattetaksten bygger på tilgjengeleg statistikk for omsette bustader i Naustdal og utgjer eit gjennomsnitt. Takst settast ut i frå ein sjablongmessig verdi, og avvik frå reel marknadsverdi kan difor påreknast. Det er altså ein forskjell på eigedomstakst og eigedomsskattetakst. Eigedomskattetaksten vert basert på eit gjennomsnitt av omsette bustader, minus 25 %. Sjablongverdiane til eigedomskattetaksten blir normalt ståande i ti år.

Eigedomsskattetaksten skal ta omsyn til den enkelte bustads plassering, tilkomst, standard, kvalitet og alder. Takst på bustader blir sett ut i frå matrikkelinformasjon og utvendig synfaring. Alle bustad- og fritidseigedomar, landbrukseigedomar, naust og næringseigedomar skal synfarast i løpet av 2016.

Kommunestyret si rolle

Det er kommunestyret som årleg fastset eigedomsskatten, men dette skjer på grunnlag av eigedomskattetaksten fastsett av takstnemnda. Kommunestyret vedtek for eit år om gongen promillesats, eventuell botnfrådrag og andre fritak i frå eigedomsskatten (døme er fritak for nybygg inntil 5 år). Dette veret gjort i den årlege budsjetthandsaminga i desember. Eigedomsskatten skal vere minst 2 promille og ikkje meir enn 7 promille av eigedomsskattetaksten.

Nye rammer og retningslinjer for 2017

Det er i løpet av vinter/vår 2016 gjort eit omfattande arbeid for å fastsette riktig takst for eigedommane i Naustdal. Ny eigedomsskattetakst er fastsett ut ifrå bustader seld på det opne marknaden frå 2014 og fram til i dag. Det viser seg at verdiane på bustadane i Naustdal kommune har auka betydeleg sidan førre taksering i år 2006.

Det er viktig å understreke at sjølv om eigedomsskattetaksten har auka, er det kommunestyret som vedtek og har det suverene ansvaret for korleis kommunen vel å skattelegge eigedomar i vårt lokalsamfunn.

Viktigaste endringar gjeldande frå 1.1.2017

  • Liabøen får  lik verdi som alle bustader elles i sentrum. 
  • Takst på fritidsbustader gjev inga områdereduksjon. For å sette riktigare takst er det vedteke at manglar på veg, vatn og straum vil gje prisreduksjon.
  • Verdien på eigedomar i Naustdal har auka.

Sentrale dokument

>> Nye rammer og retnigsliner for taksering - framlegg til endring (PDF, 315 kB)

>> Sonekart for eigedomsskatt gjeldande frå 01.01.2017, vedtak i TN sak 16/015 11.05.2016 (PDF, 5 MB)

 

Spørsmål til dette rettast kommunalsjef Ørjan Stubhaug.

Stavdalen, byggefelt i sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteStavdalen, byggefelt i sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Ansvarleg Ørjan Stubhaug. Sist endra 28.06.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Kommunalsjef for samfunnsutvikling
  • Tlf: 57 81 61 23
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering