Vanlege spørsmål i høve utskriving av skatteseddel

Eigedomsskattekontoret får desse dagane svært mange spørsmål om korleis eigedomsskattetaksten på den enkelte bustaden er gjennomført. Nedanfor forsøker vi å svare på dei mest stilte spørsmåla.

Vi ynskjer å være tilgjengelege og svare så godt vi kan, og ber alle som lurar å noko om å ta kontakt med kommunen.

Rammer og retningsliner oppdatert 31.01.2017:

For meir informasjon les takseringsgrunnlaget for eigedomskatt i Naustdal: "rammer og retningslinjer for taksering av bustad- og fritidseigedommar Naustdal kommune" (PDF, 181 kB)

Publisert av Ørjan Stubhaug. Sist endra 31.01.2017 av Robert Gelin Rysjedal

Kva er ein eigedomskattetakst?

Eigedomsskattetaksten bygger på tilgjengeleg statistikk for omsette bustader i Naustdal og utgjer eit gjennomsnitt. Takst settast ut i frå ein sjablongmessig verdi, og avvik frå reel marknadsverdi kan difor påreknast. Det er altså ein forskjell på eigedomstakst og eigedomsskattetakst. Eigedomskattetaksten vert basert på eit gjennomsnitt av omsette bustader, minus 25 %. Sjablongverdiane til eigedomskattetaksten blir normalt ståande i ti år.

Korleis er taksten gjennomført?

Alle bustad- og fritidseigedomar, landbrukseigedomar, og næringseigedomar er blitt synfara i løpet av år 2016. Arbeidet er utført av ei oppnemnd takstnemnd. Takstnemnda har  tatt omsyn til den enkelte bustad sin plassering, tilkomst, standard, kvalitet og alder. Takst på bustader blir sett ut i frå matrikkelinformasjon (fakta om eigedomen) og utvendig synfaring (vurdering av eigedomen).

Ny eigedomsskattetakst er fastsett ut ifrå bustader seld på det opne marknaden frå 2014 og til og med 2016. Det viser seg at verdiane på bustadane i Naustdal kommune har auka betydeleg sidan førre taksering i år 2006.

Sjå rammer og retningslinjer, punkt 1 for meir informasjon.

Kva er matrikkelen?

Matrikkelen er Norges offisielle register over fast eigedom og  av dette er bygningar, bustadar og adresser.

Kven har gjennomført taksten?

Personer busett i Naustdal kommunen og som er oppnemnd av kommunestyret utgjer takstnemnda. Takstnemnda utgjer tre personer pluss vararepresentantar.

Korleis er kvadratmeterprisen fastsatt?

Kvadrameterprisen er satt med utgangspunkt i sjablonverdiar som speglar  av gjennomsnittsverdiar for ulike eigedomsgrupper. Sjablonverdiane tar utgangspunkt omsette eigedomar åra 2014 til og med 2016.

Sjå rammer og retningslinjer, punkt 3 for meir informasjon.

Korleis gjerast dei skjønnsmessige vurderingane?

Takstnemnda utviser skjønn ved bruk av indre og ytre faktorar. Ein tek utgangspunkt i sjablongverdiar, men nyttar faktorane som korrigeringsverktøy for at taksten skal bli så lik den faktiske omsetnadsverdien som mogleg for kvar enkelt eigedom.  Tvil bør kome eigar til gode.

Sjå rammer og retningslinjer, punkt 4.3 for meir informasjon.

 

Kva kan ein klage på?

Ein kan klage på takstgrunnlaget, dersom ein meiner denne er feil. Eigedomsskatten er skriven ut på grunnlag av den taksten som er fastsett av takstnemnda. Nytt av år 2013 er at eigedomsskattelova endra slik at det er innført årleg klagerett. Det kan klagast på den utskrivne eigedomsskatten dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget tidlegare år, jf. eigedomsskattelova § 19 første ledd.

Dersom det er feil opplysningar ved eigedomen - som areal og liknande - blir dette vurdert og eventuelt retta.

Dersom du meiner at noko bør rettast, kan du melde dette skriftleg til Naustdal kommune. Krav om endring skal dokumenterast.

Har kommunen lov å sette ein høgare takst enn marknadsverdi?

Verdsettinga av eigedomen skal settast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli omsatt for ved fritt sal.

-  Eigedomsskattelova § 8, punkt 2.

For at bustader ikkje skal få verdisetting over faktisk omsetningsverdi for år 2017, er den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen på kr 16.000,-. Denne kvadratmeterprisen er automatisk redusert med 25 %.

Taksten som kjem fram vert difor automatisk redusert med 25%, slik at eigedomsskattetaksten utgjer 75%.

Føremålet med ein automatisk reduksjon er nettopp å hindre at eigedomsskattetaksten overstig faktisk omsetnadsverdi. Vi gjer likevel merksam på at feil kan skje ved ei slik massetaksering. Enkelte bustader kan ha fått ein takst som overgår omsetningsverdi. Dersom du meiner at taksten er høgare enn faktisk omsetningsverdi bør du klage.   

Korleis kan eg klage?

Dersom eigar av eigedomen er usamd med skattegrunnlag/takst, må det fremjast ei skriftleg klage. Klaga må merkast tydeleg med gards- og bruksnummer.

Klagen bør innehalde ei forklaring/grunngjevnad på kvifor du meiner at taksten ikkje er korrekt. All relevant dokumentasjon bør vektleggast, eksempel er kopi av nyleg gjennomført takst, bileter av særskilte faktorar på eller i bygningar m.m. For å vurdere nye moment, må klagar rekne med at det blir gjennomført ny synfaring.

Korleis er prosessen for å klage?

Takstnemnda vurderer klagene. Dersom klagen takast til følgje, endrast taksten. Oppretthaldast taksten blir den sendt vidare til kommunens klagenemnd. Taksten kan då gå opp eller ned, eller den kan oppretthaldast

Klagen må sendast skriftleg til Eigedomsskattekontoret i Naustdal, ikkje seinare enn 6 veker frå skatteseddelen er sendt ut.

Eigedomskattekontoret eller takstnemnda kan gje utsett klagefrist i enkelthøve.

Avgjersle i klagenemnda er endeleg, og kan berre rettsleg overprøvast.

Tek klagehandsaminga lang tid?

Dersom klagen ikkje er ferdighandsama innan ein månad, skal klagaren få eit førebelssvar.

Kan det gjerast enkle openbare justeringar utan å klage?

Eigedomskattekontoret har forsøkt å fange opp upresise matrikkelopplysningar. Uansett er du oppmoda til å sende ei skriftleg klage. Det er også mogleg å ta kontakt med kommunen i forkant.

Kva skjer med eigedomsskatten etter kommunesamanslåing?

Ein ny storkommune vil være pålagd å gjennomføre ei retaksering av alle eigedomar. Den nye storkommunen vil være pålagd å gjennomføre eigedomsskattetaksering for alle eigedomar i den nye kommunen.

Dersom ny taksering ikkje er gjennomført før samanslåingsdato 1.1.2020, er det vanleg at eigedomsskattegrunnlaget i den kommunen med flest innbyggjarar vil være gjeldande for alle eigedomsskatteytarar i den nye kommunen.

 

Meir informasjon om eigedomskatt i høve kommunereform finn dykk her (PDF, 5 MB)

 

Eg har ein 2. etasje som ikkje er innreia, og meiner difor at taksten er for høg.

Slike forhold har ikkje takstnemnda førehandskunnskap om, send ei skriftleg forklaring og dokumentasjon, og dette vil bli vurdert på nytt. Areala vil uansett førast slik som dei gjer i matrikkelen.

 

Eg har ein lågare verditakst, har kommunen gjort ein feil?

Det kan være mogleg. Ein må huske på at takstar er ferskvare, og mykje kan skje i mellomtida. Kanskje har bustadmarknaden utvikla seg. Det er viktig å merke seg at taktnemnda berre har sett på utsida, og ein godkjend takstmann har ved tidlegare verdivurdering og sett huset i frå innsida. Takstnemnda vil vurdere eigedomstakst som ein del av grunnlaget for vurdering, men takstnemnda står fritt til å sette taksten til det dei meiner sjølv er riktig.

Naboen har fått lågare takst enn meg, men har jo eit større hus?

På synfaring blei det gjort ei verdivurdering på staden. Difor kan det være mange andre faktorar enn areal som speler inn på verdifastsettinga.

Kva slags eigedomar får fritak i frå eigedomskatt?

Nokre eigedomar skal ha fritak etter eigedomskattelova. Andre eigedomar kan få fritak i medhald av eigedomsskattelova § 7. Dersom du meiner at eigedomen skulle fått fritak etter eigedomskattelova § 7, og ikkje har fått det, kan du søke om det.

Kan eg få utført ein eigen takst (godkjent takstmann) og krevje at den heller skal brukast?

Nei. Både meklartakst og kommunens eigedomsskattetakst har anteke marknadsverdi som utgangspunkt. Når kommunen, gjennom takstnemnda, har fastsatt takst, er det eit overordna mål om å sikre likehandsaming av eigedomseigarar. Likehandsamingsprinsippet treng ikkje meklarar å ta omsyn til.

Eg har eit gammalt våningshus/rivningsobjekt som er blitt taksert. Skal dette takserast?

Dette skal takserast. Dersom det eine våningshuset ikkje kan nyttast som bustad, eller nyttast som uthus, kan ein vurdere å få endra bygningstype frå våningshus til uthus. Dersom du vurderer dette, er det lurt å ta kontakt med kommunen planfolk for å finne ut kva konsekvens dette har dersom du seinare ynskjer å ta i bruk bygget som våningshus på nytt.

Kva er kommuneadministrasjonens oppgåve?

Eigedomsskattekontorets oppgåve er å skrive ut eigedomsskatten på grunnlag av takstnemndas takstar og kommunestyrets vedtekne satsar. Eigedomskattekontoret skal vidare fungere som sekretariat for takst- og klagenemnda.

 

Naustdal kommunehus - Klikk for stort bilete

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering