Informasjon om eigedomsskatt og klagerett 2016

Naustdal kommunestyre har gjort vedtak om å vidareføre eigedomsskatten i 2016 i heile kommunen (K-sak 081/15 den 17.12.2015).

Eigedomsskattesatsen er sett til 7 promille.

For bustaddelen i eigedomar som ikkje vert nytta til næringsverksemd vert botnfrådraget på kr. 100 000,- fjerna frå 01.01.2016. Fjerning av botnfrådrag gjeld for 2 år.

Nye bustadhus vert fritekne for eigedomsskatt i 5 år, ref. eigedomsskattelova § 7c. Ordninga gjeld for nye bustadhus som får ferdigattest eller mellombels bruksløyve etter 01.01.2011.

Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar: 15/2, 15/5, 15/8 og 15/11.

Eigedomsskattelistene vert lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen si heimeside og på kommunehuset i Naustdal i perioden 01.03.2016 – 22.03.2016.

Klagerett

Eigedomsskatten er skriven ut på grunnlag av tidlegare fastsett takst, på grunnlag av endringar og/eller takst for nyoppretta eigedomar. Frå 2013 er eigedomsskattelova endra slik at det er innført årleg klagerett. Det kan klagast på den utskrivne eigedomsskatten dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget tidlegare år, jf. eigedomsskattelova § 19 første ledd.

Uavhengig av klagerett, vil opplysningar om eigedomen – som areal og liknande bli vurderte og retta dersom desse er feil. Dersom du meiner at noko bør rettast, kan du melde dette skriftleg til Naustdal kommune. Krav om endring skal dokumenterast.

 

Klage skal sendast skriftleg innan 12. april til: Naustdal kommune, Postboks 43, 6806 Naustdal. 

 

Eikelia i kveldsmørket (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering