Faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt sendast ut i veke 7

 

Utsending av faktura for kommunale avgifter er utsett ettersom takstnemda for Eigedomsskattessaker vedtok endringar for taksering av bustader i Naustdal. Endringsvedtaket har ført til ei rekkje endringar for mange bustader i kommunen, og administrasjonen treng litt ekstra tid for å oppdatere datasystema. 

Vi forventar å sende ut faktura i løpet av denne veka (Veke 7), med betalingsfrist midten av mars.

 

Naustdal sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete