Grunnlag for taksering:
I desse dagar sender kommunen ut brev om grunnlag for takst på alle eigedomar innanfor kommunegrensene.
I brevet gjevast det opplysningar om eigedomstype, takst i kroner, skattesats og kva den enkelte eigedom må betale i eigedomskatt. I tillegg finn dykk detaljerte opplysningar eigedomsareal og om korleis dette er verdiutrekna.
Naustdal kommune oppmodar alle innbyggjarar og næringsliv om å nøye gå over takstgrunnlaget på den gitte eigedomen. Dersom dykk finn feil i taksten sender dykk inn ein sende skriftleg klage til kommunen.
Korleis er eigedomskattetaksten gjennomført?
Eigedomsskattetaksten skal ta omsyn til den enkelte bustad sin plassering, tilkomst, standard, kvalitet og alder. Takst på bustader blir sett ut i frå matrikkelinformasjon og utvendig synfaring. Alle bustad- og fritidseigedomar, landbrukseigedomar, naust og næringseigedomar har blitt synfara i løpet av år 2016.
Nye rammer og retningsliner for 2017
Takstnemnda har løpet av år 2016 gjort eit omfattande arbeid for å fastsette riktig takst eigedommane i Naustdal. Ny eigedomsskattetakst er fastsett ut ifrå bustader seld på det opne marknaden frå 2014 og fram til 2016. Det viser seg at verdiane på bustadane i Naustdal kommune har auka betydeleg sidan førre taksering i år 2006.
> For meir informasjon les takseringsgrunnlaget for eigedomsskatt i Naustdal: "Rammer og retningsliner for taksering av bustad- og fritidseigedommar Naustdal kommune" (PDF, 316 kB)
Viktige endringar i 2017:
-
Verdien på eigedomar i Naustdal har auka betydeleg
-
Fritidseigedomar har ikkje lenger ein områdereduksjon. Derimot vil manglar på veg, vatn og straum kunne gje takstreduksjon.
-
Liabøen har ikkje lenger automatisk sonereduksjon.
-
Landbrukseigedomar som har konsesjonsfritak er taksert som vanlege bustadeigedomar.