Eigedomsskatt

Naustdal kommunestyre har bestemt at det skal skrivast ut eigedomsskatt på eigedomar i heile kommunen. Det er no 10 år sidan sist Naustdal kommune gjennomførte taksering av bustader, og etter normal saksgang gjennomførast det no ny taksering. 

Ansvarleg Ørjan Stubhaug. Sist endra 21.06.2016
Publisert 17.10.2018

Synfaring av eigedomar med endring i 2018. Synfaring den 01.11.2018 mellom kl. 1000-1430

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert 11.09.2017
Naustdal kommunehus

 

§ 7 i eigedomsskattelova regulerer kva slags eigedomar som kommunestyret kan velje å frita for eigedomsskatt. Dette kan gjelde heilt eller delvis fritak. Fritaket gjevast eitt år av gongen, etter søknad, og i samsvar med retningslinjer lova sett. Søknad om fritak for eigedomsskatt etter § 7 handsamast kvart år av Naustdal kommunestyre. Det er i hovudsak lag/foreiningar og stiftingar som kjem under § 7.

Tidlegare års søknader vert automatisk lagt fram for kommunestyret for nytt vedtak om fritak. Det medfører at dei som tidlegare har fått positivt vedtak ikkje trend å søke på nytt.

Søknadsfrist for fritak frå eigedomsskatt i år 2018 er sett til 13 oktober 2017

Publisert 12.02.2017
Byggefeltet i Naustdal sentrum

Takstnemnda har gjort endringar i rammer og retningslinjer. Dette påverkar utrekning av takst for alle bustadhus med avgiftsareal større enn 130 m2.

Publisert 03.01.2017
Naustdal kommunehus

Eigedomsskattekontoret får desse dagane svært mange spørsmål om korleis eigedomsskattetaksten på den enkelte bustaden er gjennomført. Nedanfor forsøker vi å svare på dei mest stilte spørsmåla.

Vi ynskjer å være tilgjengelege og svare så godt vi kan, og ber alle som lurar å noko om å ta kontakt med kommunen.

Rammer og retningsliner oppdatert 31.01.2017:

For meir informasjon les takseringsgrunnlaget for eigedomskatt i Naustdal: "rammer og retningslinjer for taksering av bustad- og fritidseigedommar Naustdal kommune" (PDF, 181 kB)

Publisert 29.12.2016
Byggefeltet i Naustdal sentrum

Naustdal kommunestyre vedtok desember 2017 at det skal skrivast ut eigedomsskatt på alle eigedomar i heile kommunen. Administrasjonen i kommunen jobbar sender difor brev om takstgrunnlag ut til alle som eig ein eigedom i Naustdal kommune.

Nytt for 2017 er at utskriving av skattegrunnlag tek utgangspunkt i ny eigedomsskattetakst fastsett i 2016.

Med bakgrunn i at kommunen gjorde full retaksering av alle eigedomar i 2016, vedtok Kommunestyret ny skattesats på 5,5 promille. Kommunestyret vedtok samtidig av nye bustadhus skal være fritekne for eigedomskatt i 5 år.

Publisert 30.05.2016
Byggefeltet i Naustdal sentrum

Naustdal kommunestyre har bestemt at det skal skrivast ut eigedomsskatt på eigedomar i heile kommunen. Det er no 10 år sidan sist Naustdal kommune gjennomførte taksering av bustader, og etter normal saksgang gjennomførast det no ny tasering. 

Vi i Naustdal kommune er så heldig at takstnemnda for eigedomskatt har valt å gjennomføre takseringsarbeidet. Dette bidreg til at takseringsarbeidet gjerast på ein god og rettferdig måte, samtidig som at lokalkunnskap ivaretakast. 

Publisert 05.02.2016
Eikelia i kveldsmørket

Naustdal kommunestyre har gjort vedtak om å vidareføre eigedomsskatten i 2016 i heile kommunen (K-sak 081/15 den 17.12.2015).

Eigedomsskattesatsen er sett til 7 promille.

Kommunalsjef for samfunnsutvikling
  • Tlf: 57 81 61 23
  • Mob: 90999676
  • E-post: