Sprek i Sunnfjord kommune 2018

Postkasse på Svistølen. - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Sprek i Sunnfjord kommune er det første fellestiltaket for alle tilsette i dei fire kommunane som skal bli Sunnfjord kommune i 2020!

Kva er sprek i Sunnfjord kommune?

Vi tilbyr eit morsomt opplegg der du får poeng både når du tar ein kveldstur med bikkja/mannen/fruen og når du tar turen til topps.

Du samlar poeng ved å sjekke inn med mobilen på elektroniske postar på turmål i ditt nærområde.

 

Turmål/postar

Turmåla er kjente og kjære og ligg både i Førde, Jølster, Gloppen, Naustdal, Gaular, Askvoll, Fjaler og Flora kommune. Dei gir frå 1 til 3 poeng avhengig av om det er ein lett/tung tur.

Du vel sjølv kva rute du går for å kome til turmålet.

Når du har sjekka inn ein gong, må det gå 12 timar til neste gong du kan sjekke inn på same turmålet.

Turmåla/postane vert aktive for innsjekking frå 1. april og til og med 31. oktober 2018.

Premiering

Dei som klarer å samle 15 poeng i løpet av ein månad, vert med på månadleg trekning av gåvekort. Til slutt vert det trekniing av gåvekort blant dei som har oppnådd 100 poeng i heile perioden


Ta bilde frå turen din

og del dei gjerne på Instagram med oss andre ved å merke dei med #sprekisunnfjordkommune Brukar du den emneknaggen vert du med på trekning av eit gåvekort.

Flott om du også brukar #sunnfjordkommune og #trimpoeng

Påmelding og eigenandel

Dette er ein aktivitet der berre tilsette og politikarar i dei fire kommunane kan melde seg på.

For å melde deg på lastar du ned appen "Trimpoeng" på mobilen. Den er tilgjengeleg både for iPhone og Androidtelefon, men dessverre ikkje for Windowstelefon.

Du treng ein kode for å melde deg på. Årets kode finn du på intranettet til Sunnfjord kommune eller ta kontakt med Servicetorget i Naustdal kommune på tlf. 57 81 61 00.

> Sjå rettleiing for korleis du lastar ned appen og melder deg på.

Det er ein eigenandel på 75 kroner for å vere med. Dersom du melder deg på og ikkje oppnår 15 poeng i løpet av heile perioden må du betale 125 kroner.

Når du har meldt deg på, godtar du samstundes at vi kan trekkje eigenandelen på løna di.

Du kan melde deg på frå 23. mars, men du kan tidlegast sjekke inn på turmåla 1. april.

Korleis sjekkar du inn på turmålet?

Du finn turmåla i appen. Når du er kome fram til turmålet, trykkjer du "Sjekk inn" i appen. Om innsjekkinga er vellukka, får du ei kjekk tilbakemelding på det.

Hugs å aktivere stedtjenester/GPS-posisjon på mobilen din før du startar turen. Dersom du skal til eit område med dårleg mobildekning, kan det vere lurt å opne turmålet før turen startar.

Får du ikkje sjekka inn på turmålet, send ein e-post til sprek@forde.kommune.no, så registrerer vi turen for deg i etterkant.

Du vil til ei kvar tid ha oversikt over kva turmål du har sjekka inn på og kor mange poeng du har i appen. Dette finn du under "Min aktivitetslogg" i appen.

Spørsmål

Ta kontakt med Servicetorget i Naustdak kommune, tlf. 57 81 61 00 eller send ein e-post til sprek@forde.kommune.no.

God tur!