Barnevern

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår.

Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Naustdal kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fyllt 23 år.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

Kontaktinformasjon Naustdal barnevernteneste

  • telefon: 45 87 91 69 , kl. 08:00–15:30
  • besøksadresse: Kommunehuset, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.
  • postadresse: Naustdal barnevernteneste, Tunavegen 6, 6817 Naustdal

Melding til barnevernet

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding, evnt. søknad, til barneverntenesta.

> Skjema for bekymringsmelding frå offentleg tilsette (PDF, 48 kB)

Familie, vener, naboar og andre privatpersonar kan og melde bekymring til barnevernet. 

Kva skjer når barneverntenesta mottar ei melding?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker vert avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet gjere vurdering på om ein skal starte ei undersøking eller henlegge meldinga. 

Barneverntenesta skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gje tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova. 

Krisesituasjonar

Ved behov for akutte barneverntenester utanom kontortortid, ta kontakt på vakttelefon

474 57 272 

Vaktordninga er felles for kommunane Naustdal, Førde, Gaular, Jølster, Flora, Bremanger, Vågsøy, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. 

  • I krisesituasjonar kan du også ringe politiet på tlf. 02800

Naustdal kommune samarbeider med stiftinga Krisesenter i Sogn og Fjordane for vaksne og barn som er utsett for vald i nære relasjonar.

  • Døgnvakt Krisesenter: 57 74 36 00

  • Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis) er ein naudtelefon for barn og unge. Der møter du vaksne som forstår korleis du har det, og som bryr seg om at du får det betre. Naudtelefonen er open når barnevernkontora er stengt. I vekedagar er den open frå kl 15.00 og til kl 08.00 neste morgon. I helgane er den open heile døgnet.

 

Har du plass til eit barn i familien din?

I Sogn og Fjordane har vi om lag 200 fosterbarn. Barna er i hovudsak frå 0 til 18 år, nokre få opp til 23 år. Nokre har søsken, andre er einebarn.

Ulike barn treng ulike fosterheimar. Det alle gode fosterheimar har til felles er at dei har vaksne med god omsorgsevne og overskot til barna. Både gifte, sambuarar, einslege eller likekjønna par kan bli fosterforeldre.

>> Les meir på nettsidene til fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane.

$(TITTEL)
  • Mob: 45 87 91 69
  • E-post: