Gravid?
Les eigen artikkel om svangerskapskontrollar.
Helsestasjon for barn
Vi gjev tilbod om
- barnevaksinasjon
- helseundersøkingar
- førebyggjande psykososialt arbeid
- opplysningsverksemd
- heimebesøk
- hjelp og samarbeid med skule
- samarbeid om habilitering av barn og unge med spesielle behov
Skulehelsetenesta
Skulehelsesøster har kontortid på grunnskulane og gjev tilbod om råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar til alle skuleelevar under 20 år.
Når det er behov for det viser skulehelsesøster vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller til ein spesialist. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å arbeide for eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.
Helsesøster Ann-Katrine Bruflot er på NBU tirsdag, torsdag og fredag. Helsesøster Solrun Krakhellen er på besøk på Vevring skule kvar haust og er skulen si helsesøster.
Helsestasjon for ungdom
På helsestasjon for ungdom opp til 20 år kan du få gratis råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, psykiske problem, fysisk aktivitet og kosthald. Helsestasjon for ungdom kan også vise deg vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.
Opningstida er onsdagar 14.30-15.30 og helsesøster Ann-Katrine Bruflot og helsestasjonlege Tor Vidar Myklebust er tilstades.
Kontakt helsestasjonen, ring 57816026 eller kom innom. Du treng ikkje å tinge time.