Ny adresse
Frå 1. januar 2017 har Naustdal kommune ny postadresse. Vi har ikkje oppdatert alle skjema endå, og om at du nyttar adressa: Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.
Papirskjema
Vi har framleis flest papirskjema (PDF). Desse fyller du ut og sender til oss per post til:
Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.
Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.
Elektroniske skjema
Elektroniske skjema kan du fylle ut på internett og sende inn elektronisk. Ved å logge deg inn kan du opprette din eigen brukarprofil i portalen. Dette gjev deg mellom anna tilgang til å mellomlagre skjemaene dine før du sender dei inn til oss.
I tillegg får du oversikt over dei skjema du har sendt inn, med referansenummer som du kan oppgje i kontakt med kommunen.
I personvernerklæringa finn du informasjon om korleis vi handterer innsende skjema og anna informasjon vi registrerer om deg.