Aktuelt
Publisert 19.10.2017
IMG_7500.jpg
  • Ring for timebestilling. Tlf: 57816020.
  • Du vil få tildelt time i vekedagane tysdag, torsdag og fredag. Dette gjeld i frå veke 43.  
  • Har du time hjå fastlegen, kan du få vaksine same dag.  
  • Pris:  kr 150 kr for pasientar som tilhøyrer definert risikogruppe, 200 kr for andre.
Publisert 19.10.2017
Nausta, Kvame

 

NVE driv kartlegging i Nausta.

Om du ser aktivitet i naboskapet eller på eigedommen din, så er dette truleg grunnen.

Publisert 04.10.2017
Fotocollage planprogram regional plan for kultur.jpg

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no lagt planprogram for regional plan for kultur. Fristen for å kome med innspel og merknader er 1. desember 2017.

> Høyringsdokument: Planprogram for regional plan for kultur

Innspel og merknadar kan sendast anten på e-post til post@sfj.no (skriv e-sak 17/7812 i emnefeltet) eller via skjema nedst på heimesida til fylkeskommunen.

Publisert 29.09.2017
_q9z5142_web_format.jpg

Sunnfjord Miljøverk har inngått avtale med NordRen AS om innsamling og transport av avfall i SUM-kommunane. Den nye avtalen gjeld frå fredag 29. september 2017.  

Publisert 27.09.2017
Vonaskaret

Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde HF arrangerer i haust fire temakveldar med fokus på psykiske lidingar og psykisk helse. Temakveldane er opne for alle interesserte. Erfarne fagfolk vil halde ein times føredrag kvar gong!

Publisert 21.09.2017
Solnedgang på Kvellestad

Sunnfjord miljøverk har i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane blitt med i ordninga til Kystlotteriet. Naustdal kommune har sekkar og lodd til utdeling på servicekontoret.

Publisert 10.08.2017

 Lekkasje på hovedvassledning på Horstad. 

Publisert 02.08.2017

 

Førehandsrøysting

Innanriks veljarar som ønskjer å røyste på førehand, kan gjere dette i tidsrommet 10. august - 8. september 2017.

Publisert 04.05.2017
NBU Spesialromsfløy juni 2016

Frå komande skuleår vil alle elevane i krinsen endeleg vere samla i det nye skulebygget i sentrum. I byggjeperioden har både skyss og skuletider for elevane vore justerte, t.d. har dei yngste elevane hatt lenger skuledag fordi skyss må samordnast. Frå komande skuleår er elevane si undervisningstid justert i tråd med den nasjonale norma, og det får konsekvensar for skuledagen for alle elevane. 

Publisert 03.05.2017
Reinsdyr

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har fastsett fellingskvoter 2017 for villreinområdene i fylket. 

Publisert 24.04.2017
Tur nr. 2 Tuftedalen - Blånipa

Tre gåvekort a kr. 1.500 vert trekt ut mellom dei som besøker 10 av 13 turmål i tidsrommet 1 mai til 31 desember.

Publisert 12.02.2017
Byggefeltet i Naustdal sentrum

Takstnemnda har gjort endringar i rammer og retningslinjer. Dette påverkar utrekning av takst for alle bustadhus med avgiftsareal større enn 130 m2.

Publisert 12.02.2017
Naustdal sentrum

 

Utsending av faktura for kommunale avgifter er utsett ettersom takstnemda for Eigedomsskattessaker vedtok endringar for taksering av bustader i Naustdal. Endringsvedtaket har ført til ei rekkje endringar for mange bustader i kommunen, og administrasjonen treng litt ekstra tid for å oppdatere datasystema. 

Vi forventar å sende ut faktura i løpet av denne veka (Veke 7), med betalingsfrist midten av mars.

Publisert 01.02.2017
Tur nr. 2 Tuftedalen - Blånipa

Besøkstala for turstiane våre syner ein stor besøksrekord i 2016.  

Publisert 01.02.2017
Byrkjelandstølen

Fellingsresultatet for hjortejakta er klar og viser ein stor auke frå året før.

Publisert 19.01.2017
Fossefall i skogen

Naustdal Jakt og fiskelag arrangerer jegerprøvekurs vinteren og våren 2017. Meld deg på ! 

Publisert 02.01.2017
Naustdal kommunehus

Frå 1. januar 2017 har Naustdal kommune ny postadresse: Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Publisert 05.12.2016
Naustdal sentrum i kveldsmørket

Naustdal kommune søkjer etter husvære til flyktningar. Både leige og kjøp vil bli vurdert.

Ledige husvære kan meldast til servicekontoret i Naustdal, tlf. 57 81 61 00 eller på epost til: postmottak@naustdal.kommune.no

Publisert 05.12.2016
Skogsveg

Elevar har i fylgje opplæringslova ikkje rett på gratis skuleskyss til / frå SFO. Elevar som har plass på SFO får difor ikkje delt ut skysskort på skulen. Dei har likevel rett på å få dekka skyss til/frå skulen på dagar dei ikkje er på SFO, eller er på SFO berre morgon eller ettermiddag.

>> Søknadsskjema refusjon av utgifter til skuleskyss (PDF, 176 kB)

Publisert 28.11.2016
Budeia i motlys

Serviceskyssen hentar deg heime og køyrer deg til Naustdal sentrum. Der kan du handle, gå på kafè, gå til frisør, besøkje offentlege kontor, få utført post- og bank-tenester, gå på besøk, eller gjere andre ærend.

Du kan tinge serviceskyss hjå Naustdal taxi på tlf. 977 47 070 innan kl 20.00 dagen før.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering