Nytt bibliotek - korleis kan vi bruke det?

I samband med utviding og ombygging av Naustdal barne- og ungdomsskule får Naustdal bibliotek ei ny og meir sentral plassering i skulen og sentrum. Biblioteket vil bli flytta fram i dagens kantine, og eit lite påbygg vil gje eit eventyrrom og eit møterom med lokalsamling.

Nye lokale blir klare allereie vår/sommar 2016, og i løpet av 2016 kan vi planlegge og prøve ut ny aktivitet. Vi ynskjer innspel og idéar innan 8. februar 2016.

  • Kva tilbod og aktivitet ynskjer brukarane i biblioteket?
  • Kva behov kan biblioteket vere med og løyse?
  • Korleis kan vi bruke biblioteket? Kan rom eller delar av arealet nyttast på ulike måtar i ulike samanhengar?

Den nye skulen vil få eit sentralt overdekt uteområde – ein baldakin som strekk seg frå biblioteket til det nye spesialromsbygget. Dette blir eit nytt sentrumsrom, med nye gang- og siktlinjer, og med eit naturleg fokus som følje av bibliotek- og kulturhusfunksjonane, samt idrettshallen. Korleis kan dette rommet knytast til biblioteket?

Naustdal kommune har mottatt utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet Rom for samtale, læring og leselyst. Vi vil utvikle biblioteket saman med brukarane.

Biblioteket vårt er sentralt i lokalsamfunnet, og skal vere arena for ulike møte og opplevingar knytt til litteratur og litteraturformidling, tradisjon, kultur og lokalhistorisk arbeid.

Biblioteket vårt er eit kombinasjonsbibliotek, barn og unge er dermed den viktigaste målgruppa for utviklingsarbeidet.

 

Boksider og ring, skuggen er eit hjarte. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteBoksider og ring, skuggen er eit hjarte. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Biblioteksjef
  • Tlf: 57816140
  • E-post: