Visma Flyt Skole

Skulane i Naustdal kommune skal frå 1. august ta i bruk Visma Flyt Skole som er eit skuleadministrativt system. Elevar, grupper, lærarar og føresette er registrert i dette systemet, og fråvær, merknader og karakterar på elevar, blir lagt inn her. I Visma Flyt Skole handterer vi òg SFO-søknader og administrasjon av SFO-plassar.

 

bilde2.JPG - Klikk for stort bilete

Føresette sin tilgang til Visma Flyt Skole

Som føresett skal du logge på Visma Flyt Skole med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass) innan 1. juli 2018. Her er lenka; https://skole.visma.com/naustdal

 

Du skal gjere desse endringane i føresettbilete:

  • Legge inn/ endre telefonnummer og e-postadresse slik at skulen til ei kvar tid er har korrekt kontaktinformasjon til alle føresette. Postadresse kan du ikkje endre då denne føl folkeregisteroppdateringane.

Føresette brukar Visma Flyt Skole til følgjande:

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er riktig
  • Gi samtykke
  • Følge med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar
  • Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar
  • Søkje, seie opp eller endre SFO-plass
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har

Frå 1. juli 2018 vil de finne meir informasjon på Naustdal kommune si heimeside, samt på heimesida til den enkelte skule. Det same gjeld informasjon om SFO.

Dersom de har spørsmål, ta kontakt med skulane:

Naustdal barne- og ungdomsskule tlf. 57816300/e-post: naustdal.skule@naustdal.kommune.no

Vevring skule tlf. 57816160/e-post: vevringskule@sysikt.no eller
helga.langeland.saebo@naustdal.kommune.no