Videokonsultasjon ved legesenteret.

No tilbyr fleire av legane ved legekontoret i Naustdal, Videokonsultasjon.  Dette er noko både Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og regjeringa oppmodar om, i tillegg til legeforeininga.

Vi tilbyr no videotimar hos lege i Naustdal (Dr Savland og dr Myklebust) 

 

Videotimer kan berre brukast dersom du ikkje har behov for fysisk undersøking, eller treng avklaring eller samtale.

Vanlegvis vil det vere  problemstillingar som eigner seg å snakke om i 5-15 minutter. 

Prisen for videotime er den same som for vanlege legetimar. Du mottar faktura i etterkant av samtalen, men med  gebyr om du ikkje vel å ikkje komme innom for å betale same dag. Dette inngår også i frikortgrunnlaget. Det vil difor vere heilt gratis når du ha motteke frikort. Løysinga vil også spare pasientane for tid og kostnader til transport. 

For å bestille videotime gjer du dette på vanleg måte. Ring Naustdal legesenter og bestill time av helsesekretærane, telefon 578 16020.

PS. Vi tilrår at du brukar din smarttelefon til videotimar, men du kan også bruke nettbrett, laptop eller ei datamaskin som har webkamera og mikrofon.

Når ein har avtala videotime, så vil  du få ein sms på din telefon (frå legen/vårt firma Confrere) like før avtala time. Følg linken der. Du treng ikkje ein app eller brukarnamn. Ein følger berre den ferske linken på sms, og skriv  berre inn ditt namn og brukar bankid på mobil for logge på. Då er samtalen kryptert og like sikker som nettbanken/altinn. Dette er høgaste sikkerheitsnivå vi har (nivå 4) for nett-tenester i Norge. Erfaringar til no er at det er rakst og enkelt å bruke dette.  Mottoet er, ” Klarer ein bruke nettbank, så klarer ein å bruke videokonsultasjon hos lege! ”

med helsing Naustdal Helsesenter.