Varsel om oppstart av forhandling om utbyggingsavtale Sylvdalen

Med heimel i plan- og bygningslova § 17-4 vert det med dette kunngjort oppstart av forhandling om utbyggingsavtale mellom Naustdal kommune og Byggteam AS.

 

 

Ytbyggingsavtale Sylvdalen - Klikk for stort bilete

Forhandlingane vil mellom anna omfatte utbygging og drift av offentleg infrastruktur innafor Detaljplan for regulering av bustadfelt SYLVDALEN, samt anleggsbidrag for opparbeiding av fortau langs Helgåsvegen. Området er mellom anna regulert til bustadar og offentlege trafikkområde.

Framlegg til utbyggingsavtale vil truleg gå ut til offentleg ettersyn i månadsskifte august/september.

Spørsmål og innspel kan sendast til postmottak@naustdal.kommune.no og merkast arkivsak 15/100.