UT PÅ TUR - KONKURRANSE 01.04 - 15.09.2019
For å få fleire ut på tur i kommunen vår arrangerte turstistyret i prosjekt « over stokk og stein » i år denne konkurransen :

Dei som har skrive seg inn i bøkene på dei 13 turmåla våre i tidsrommet 1. april til 15. september, var med i trekninga av gåvekort på kr. 500 frå Din Sport.
Vi har no trekt dei seks siste turane, desse får kvar sine gåvekort på kr 500 ved å henvende seg til Din sport. Vi gratulerer.
- Blåfjellet - Merete S. Standal.
- Trodalstranda - Monica Otternes.
- Sandfjellet - Angelika Seielstad Fimland.
- Nordvikstølsvatnet - Wenke Marie Nordnes.
- Grimsetstølen - Ragnhild M. Kvame
- Naregga - Tuva Tefre Kalstad.
Vinnarane av dei sju første turane vi trekte, desse får kvar sitt gåvekort på kr 500 ved å henvende seg til Din sport. Vi gratulerer.
- Vindkjegla - Ane Brekke.
- Blånipa - Siv Heggedal Longvastøl.
- Steinkorsen - Solfrid Lange.
- Smådalsnipa - Kristian Øvretun.
- Varlivatnet - Ivar Myklebust Longvastøl.
- Svistølen - Karin Teigla.
- Bolteheia - Jostein Stuhaug.