Tilskot til utvikling av stinett som trygg skuleveg- kr. 408.000

Naustdal sentrum, Idrettsbarnehagen med byggefeltet i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Kommunen fekk løyving av trafikktryggingsmidlar frå fylkeskommunen for 2019.

 

Vi ynskjer samvirke med grendelag og private for å nytte midlane optimalt.

I søknaden var vi opne på at mange detaljar stod att å avklare, nokre forhold treng og ei avklaring mot grunneigarar.

Sjå søknaden her.

Vi har fått bra uttelling på søknaden om midlar :-)

Neste utfordring vert å få til optimalt samvirke og organisering, slik at vi får til praktiske framskritt, og auka trivsel for alle. Vi tek imot innspel til korleis dette bør gjerast.

Tilsagnsbrev Statens Vegvesen er å finne her.

Utdrag får Statens vegvesen si saksutgreiing:

4.16 Naustdal kommune:
Naustdal kommune søkjer om tilskot til 2 tiltak.
Tiltak 1: Anlegg for å sette av og å hente born ved Naustdal skule.
Gjeld tiltak for å få stoppa trafikk for levering og henting ved skulen, slik at bilar ikkje køyrer inn på
Berrvellene.
- Kostnadsoverslag: kr. 1 800 000.-
- Søknadssum tilskot: kr. 1 340 000.- (74 %)
- Framlegg til tilskot tiltak: kr. 0.-


Kommentar:
 Side 14 av 18
Å legge til rette for gode trafikkløysingar for alle brukargruppene ved skulane, er viktig
trafikktryggingsarbeid. Skuleområdet er ein del av skulevegen. Tiltaket er i tråd med Regional
transportplan pkt. 6.1 Delmål:
Tiltaket er i tråd med instruksen, men tiltaket er dyrt, og løyvinga er avgrensa.
Statens vegvesen tilrår avslag på tilskot til tiltaket.


Tiltak 2: Opprusting stinett sentrum aust, og lysanlegg.
Gjeld å skape separering mellom bilar og mjuke trafikantar på ein del strekningar i
byggjefelt.
- Kostnadsoverslag: kr. 680 000.-
- Søknadssum tilskot: kr. 510 000.- (75%)
- Framlegg til tilskot tiltak: kr. 408 000.- (60%)


Kommentar:
Tiltaket er i tråd med Regional transportplan pkt. 6.1. Tiltaket er i tråd med instruksen.
Statens vegvesen tilrår at det vert gitt tilskot til tiltaket.
 

Ansvarleg for artikkel: Harald Eikenes