Tilskot til drenering - utvida ordning og nye skjema

Landbruksdirektoratet har sendt ut ny informasjon om forvaltning av dreneringsordninga.

Endringa går ut på at det no kan løyvast tilskot til areal som er planert, og ikkje tidlegare grøfta. Kravet om at arealet tidligare skal være grøfta gjeld framleis for øvrige areal, dvs. areal som ikkje er planert.

Etter at miljøplan ble avvikla frå 2015, er miljøplan trinn 2 erstatta med miljøvurdering av tiltaket.

Direktoratet har laga nytt søknadssjema, der det no ikkje lenger krav om å fylle ut eitt skjema for kvar eigendom.

Det er og laga eine skjema for plan og miljødokumentasjon. Vi finn det hensiktsmessig å nytte desse for søknadsomgangen 2016. 

Lenker til saka med nye skjema finn de her:

https://www.slf.dep.no/no/miljo-og-okologisk/drenering/hvordan-soke/tilskudd-til-drenering-er-utvidet-til-a-gjelde-alle-planerte-arealer

skogsveg (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland

Fagleiar jordbruk
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: