Steinkorshytta – parkeringsplassar Kringla.

Parkeringsplassen på Kringla er no ferdig opprusta og klar til bruk. Det skal vere plass til 20-25 bilar her no.

Atle Kringlen har tatt på seg kostnaden med oppgraderinga av parkeringsplassen. Det er lagt opp til Vipps-betaling for dei besøkande. Ikkje alle har Vipps og det vil etter kvart kome opp ei kasse for kontantbetaling.

Det vert og arbeidd med å bygge ein parkeringsplass nr. 2 ca. 300 meter lengre nede i vegen. Denne parkeringsplassen vert truleg ferdig til bruk i løpet av Juli månad. Dei som ynskjer å gå litt lengre og ikkje ynskjer å betale parkeringsavgift kan parkere gratis her.

God tur !