Spelemidlar 2018 - rullering av handlingsprogram

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg 2014-2017 vart vedteken av Naustdal kommunestyre 12.12.2013. Planperioden vert truleg forlenga til 2020. Kommunedelplanen inneheld eit handlingsprogram som skal rullerast årleg.

Frist for innspel til handlingsprogrammet er sett til 15. august 2017, og sendast til Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal eller per e-post til postmottak@naustdal.kommune.no.

I samband med rulleringa er det høve til å ta inn nye nærmiljøanlegg og ordinære anlegg med ei kostnadsramme på inntil 3 millionar kroner, og som kan løyse ut spelemidlar inntil kr. 1.000.000,- (1/3 regelen). Anlegg som pr. i dag står i langtidsprogrammet, men som treng prioritering i handlingsprogrammet for å få idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning, kan også takast inn.

Kulturbygg er også omfatta av planen. Om de har planar om nybygg, ombygging eller modernisering av kulturbygg kan de spele dette inn til Naustdal kommune.

Vi ber om tilbakemelding på om de vil søke om spelemidlar eller tilskot til kulturbygg for 2018.

>> Sjå plan med handlingsprogram

Skal dykkar anlegg / bygg stå i planen?

Anlegg som står i handlingsprogrammet, men som ikkje lenger skal stå der (t.d. er ferdig og har fått spelemidlar) ber vi om at det blir gitt melding om. Det same gjeld anlegg som ligg inne i vedteke handlingsprogram med søknadsrett i 2018, men som av ein eller annan grunn ikkje er aktuell for søknad om spelmidlar i 2018.

Er det registrert riktig kostnad på anlegget / bygget?

Sjå handlingsprogrammet slik det vart vedteke etter rullering i 2016 på kommunen sine nettsider. Utbyggjar må kontrollere at total kostnad for anlegget stemmer med det som ligg inne i handlingsprogrammet, og gje melding om eventuell endring innan fristen.

Har de nye opplysningar?

Vi vil gjerne også ha informasjon om endringar knytt til idrettsanlegg og kulturbygg i Naustdal kommune, og oppmodar dei som kjenner til dette gjev oss tilbakemelding. Det kan t.d vere anlegg som ikkje er i bruk eller ny kontaktperson.

Kven kan søke og korleis?

Anlegg som står i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg 2014-2017 kan søke spelemidlar. Søknad skal sendast inn elektronisk via idrettsanlegg.no.

Planutvalet i Naustdal kommune gjer prioriteringar og vedtak i tråd med kommunedelplanen, og deretter vert vedtak og søknader sendt til fylkeskommunen innan 15. januar 2018. Fylkeskommunen vurderer søknadane, og sender oversikt til departementet innan 15. mars. Vedtak av tildeling vert gjort av Hovudutval for kultur i juni 2018.

Søknader om tilskot til kulturbygg leverast elektronisk til Naustdal kommune idrettsanlegg.no innan 31. januar. Planutvalet i Naustdal kommune gjer prioriteringar og vedtak i tråd med kommunedelplanen, og og deretter vert søknader sendt til fylkeskommunen som gjer vedtak.

Før du søkjer må du kontakte kommunen for å få tildelt eit anleggsnummer.

Søknadsfrist 2017

På grunn av innføring av nytt elektronisk søkandssystem er søknadsfrist sett til 15. oktober 2017.

 

Sandvolleyball på Sanden. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteSandvolleyball på Sanden. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Ansvarleg Ørjan Stubhaug. Sist endra 10.07.2017 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Svarar på spørsmål om kommunale tenester.
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering