Søknad om spelemidlar 2019

Søknader om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet leverast elektronisk til Naustdal kommune på fastsett skjema, innan 01. september.

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av mellom anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeininger og burettslag.

Her er lista over dei anlegg som står i handlingsplanen som planlagte, og bør starte prosessen med søknad om spelemidlar i 2019:

 

 
 
Barneidretten. Lengdehopp på Naustdal stadion. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete

Anlegg som er del av handlingsprogram i Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg 2014-2017 kan søkje om spelemidlar. (PDF, 3 MB)
 

Før du søkjer må du kontakte kommunen for å få tildelt eit anleggsnummer.

Kulturdepartementet sin portal idrettsanlegg.no inneheld skjema, rettleingar og informasjon.

Søknadsskjema >

Fristar

Naustdal Kommune har fastsett søknadsfrist til 1.september. For seint innkomne søknader vert ikkje prioritert etter handlingsplanen.

Formannskapet i Naustdal gjer prioriteringar og vedtak i tråd med Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg. Vedtak og søknader vert sendt til fylkeskommunen innan 15. januar. For seint innkomne søknader vert ikkje godkjent av fylkeskommunen. Fylkeskommunen vurderer søknadane, og sender oversikt til departementet innan 15. mars.