Sogn og Fjordane Teater presenterer Miriam si forteljing – Juleevangeliet

26. november kl 18:00 - Vevring kyrkje, Naustdal

 

«Det viste seg å vere ei overraskande potent innsprøyting med julestemning, formidla med sjeldan god overtyding.»… «I 50 minutt held ho på, éi dame, éin monolog. Ho fortel levande om alt ho har på hjartet, ho brukar humor, blir sint, kjem på ting undervegs og sporar stadig av.»… «Dei historiske rammene smyg seg inn, men kjem i bakgrunnen av dei menneskelege betraktningane til Miriam. Og dette er grunnen til at det heile fungerer.» Teatermeldinga frå Firda etter premièren i 2016.

25. november er det nypremière på Miriam si forteljing - Juleevangeliet.

Å levandegjere ei historie som kanskje ikkje er levande for oss lenger. Dette var eitt av forfattar Håvard Rem sine ønskje, då han bestemte seg for å gjenfortelje sjølvaste juleevangeliet med ei heilt ny stemme som utgangspunkt.

I Håvard Rem sin tekst er det Miriam, søstera til Josef og ei kvinne av folket, som fører ordet. Gjennom henne kjem ein ikkje berre tett innpå menneska og omstenda rundt Jesu fødsel, men også dei urolege og spente tidene desse menneska levde under. For også på den tida var det store spenningar mellom Europa og Midtausten.

Miriam si forteljing - juleevangeliet, er eit forsøk på ei meir jordnær tilnærming til denne fasinerande historia som på ein måte pregar heile vår kultur, og kanskje er det viktigare enn nokon gong å lytte til ei stemme frå historia, noko juleevangeliet nettopp er.

Av Håvard Rem

Omsetjing Asbjørg Lotsberg

Regi Marit Østbye

Lysdesignar Krystian Myska

Medverkande Idun Losnegård

Prisar for Teaterlauget:

Teaterlaug: 230,-

Teaterlaug spesial (Gruppe 8+): 180,-

Gruppebillettar må reserverast på førehånd hos underteikna.

For å lese meir om Teaterlauget og bestille medlemskort sjå her: https://www.softeater.no/lauget/

Speleplan:

25. november kl 18:00 - Førde Kyrkje

26. november kl 18:00 - Vevring kyrkje, Naustdal

28. november kl 19:00 - Leikanger kyrkje i Sogn

29. november kl 19:00 - Solvorn kyrkje, Luster

30. november kl 19:00 - Hauge kyrkje, Lærdal

1. desember kl 19:00 - Ålhus kyrkje, Jølster

2. desember kl 18:00 - Viksdalen kyrkje, Gaular

5. desember kl 19:00 - Kjølsdalen kyrkje, Eid

6. desember kl 19:00 - Hornindal kyrkje

7. desember kl 19:00 - Leikanger kyrkje, Stadlandet

8. desember kl 19:00 - Bø kyrkje, Leirvik

9. desember kl 18:00 - Brekke kyrkje, Gulen

 

 

Naustdal kyrkje i kveldsmørket (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete

Sist endra 17.11.2017 av Janne L Svorstøl
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering