SMIL- særskilte miljøtiltak i jordbruket- tid for søknad

Kommunen har 235.000 kr. til fordeling til gardbrukerar.

Søknadsfrist er 1. april.

 

Vestlandsk raudkoller på utmarkbeite på Svoa sommaren 2010.      (Anna Rehnberg) - Klikk for stort bilete

Publisert av Harald Eikenes. Sist endra 13.03.2017 av Harald Eikenes

 Fylkesmannen sin informasjon om ordninga er å finne her: https://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane/Landbruk-og-mat/Miljotiltak/Kommunale-rammer-til-SMIL--og-dreneringsordninga-for-2017/

Landbruksdirektoratet har utfyllande informasjon,  og søknadsskjema: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/spesielle-miljotiltak/hvordan-soke

 

Det er ikkje mykje nytt, med det er lempa litt på kven som kan søkje; «det kan løyvast tilskot til føretak der det går føre seg ein produksjon på landbrukseigedomen som kvalifiserer til produksjonstilskot». Det er vilkår at søkjarar/ produsentar på det aktuelle bruket har alle formell krav knytt til produksjonstilskot i orden.

 

Prioriterte tiltak går fram av Kommunedelplan for landbruk og bygdeutvikling:

Mål og prioritering.

1. Planlegging av fellestiltak for grenda/område. Eingongstilskot med inntil 80% av godkjend

kostnadsoverslag

a. Tilskotet kan nyttast til å planlegge miljøtiltak i eit område som t.d. eit vassdrag eller ei

grend/område. Føremålet skal vere tiltak innan kulturlandskap, vassmiljø/ureining, der

grenda som ein god buplass , friluftsliv, og turisme kan bli viktige ringverknader.

b. Tilskot: Det kan løyvast eingongstilskot med inntil 80% av godkjend kostnadsoverslag.

2. Kulturlandskapstiltak og forureiningstiltak. Eingongstilskot med inntil 50% av godkjend

kostnadsoverslag

a. Tiltak for å fremje tilgjenge og opplevingskvalitet:

Dette kan vere etablering, utbetring, rydding og vedlikehald av stiar og turvegnett.

Kombinasjonen turvegar/skogsvegar er ønskjeleg der dette ligg til rette. Merking av

ferdselsårer og enkel informasjon.

b. Tiltak for å oppretthalde miljøkvalitetane i kulturlandskapet:

Legge til rette for ferdsel, rekreasjon, og opplevingar i kulturlandskapet. Ta vare på

kulturminne. Restaurere, ivareta og utvikle det biologiske mangfaldet i

kulturlandskapet. Legge til rette for auka beiting i kulturlandskapet. Her det aktuelt

med tilskot på inntil 1000 kr/daa for rydding av gamalt kulturbeite.

c. Tiltak for å oppretthalde eller forbetre miljøkvalitetane i eller ved vassdrag:

Tiltak for å redusere utslepp og ureining frå landbruket. Legge til rette for auka

fiskeproduksjon og fiske. Legge til rette for ferdsel og friluftsliv kring/langs

vassdraga.

d. Tiltak for å bevare kulturminne og kulturmiljø:

Tilskot til tiltak som slått, beiting og anna skjøtsel av vegetasjonen i kulturminne og

kulturmark. Istandsetjing, vedlikehald og sikring av forfall av kulturminne og

kulturmiljø i tilknyting til landbruksdrift, medrekna gardsmiljø, anlegg og mindre

bygningar.

e. Tiltak for å bevare freda og verneverdige bygningar:

Tilskot til istandsetjing og vedlikehald av freda og verneverdige bygningar i

landbruket, som kan nyttast i landbruksdrifta eller i anna næring i tilknyting til

landbrukseigedomen. Tilskotet er avgrensa til å omfatte berande konstruksjonar og

ytre delar av bygningen. Tiltak med bygningar skal gjennomførast slik at ein tek vare

på bygningen sitt opphavlege preg. Maks tilskot er kr 60 000,-

 

Søknaden skal gjere greie for prosjektet og ha spesifisert kostnadsoverslag.

Tiltaket skal synast på kart, helst Gardskart for eigedommen, og i høveleg målestokk. For bygningsprosjekt skal det følgje med målsette teikningar.

Så langt det høver skal det følgje med foto av prosjektet/området.

Praksis frå 2015 er elles at det kan søkjast tilskot til gjerde, spesielt i tilfelle der det krevst ekstra innsats for å kunne beite i utmark, og der det vert nytta gjerde med einepålar.

Komite for landbruk, teknikk og miljø er konsultert ved tildeling av midlar. Ved tildeling i 2016 understreka komiteen at alle søknader for året må vurderast ut frå gjeldande kriteria, uavhengig av tildelingspraksis frå tidlegare år.

Fagkonsulent Arne Sortevik kan gje nærare rettleiing i høve til kva tiltak ordninga kan omfatte.

Velkomen med søknad!

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering