Skulestart 2019-2020 i Naustdal kommune

Klikk for stort bilete

 

 

 

Vevring skule

Velkomne til skulestart på Vevring skule måndag 19.august kl. 08.55!

Skuledagen er slutt kl. 14.05.

Informasjon om organisering av skuleveka vert sendt som ranselpost med elevane første skuledag.

Oppstart SFO måndag 19.august: Morgon kl. 07.00 – 08.50 i barnehagen.

Etter skuletid: kl. 14.05 – 16.30 på skulen.

 

Naustdal barne-og ungdomsskule

Velkommen til nytt skuleår ved Naustdal barne- og ungdomsskule måndag 19. august:

2.-10. klasse møter i skuletunet kl. 08.50. Om det regnar nyttar vi hallen til felles oppstart.

1. klasse møter i amfiet i sørfløyen (barneskulebygget) kl. 10.00. Vi ønskjer dei nye elevane ved skulen hjarteleg velkommen saman med føresette.

Skuledagen vert avslutta i tråd med nye skuletider; kl. 13.00 for 1.-4.klasse og kl. 14.40 for 5.-10. klasse.