Dette kan du løyse anten ved å:
Løyse vanleg billettar og søkje refusjon frå kommunen ved å sende inn billettane kvart halvår, (innan 1.12. og 20.06.)
Eller:
Kjøpe verdikort på bussen, som kan fyllast med kr 300, 500 eller 1000. Vi tilrår max kr. 300 for barn.
Desse korta får ein kjøpt på bussen. Sjølve kortet kostar kr 100,- og kan fyllast opp att på ny. Denne summen får de tilbake når kortet vert levert innatt. Verdikortet gjev rabatt på 17 % i høve vanleg billett.
De søkjer på refusjon for utlegg til skuleskyss/verdikort kvart halvår innan 1.12. og 20.06. Det må leggast ved kvitteringar for utlegg til kort.
Kortet har eit nummer som må skrivast opp ved søknad om refusjon. Det vert ikkje gjeve refusjon utan at dette nummeret er fylt ut.
Dersom de brukar kortet til andre turar, vil dette kunne sporast gjennom å søkje på kortet sitt registreringsnummer. Vi oppmodar om å bruke kortet kun til skuleskyss. Dette sparer begge partar for unødig registrering og kontroll.
Ved tap av kort vil de kunne søkje til buss-selskapet om refusjon for tap ved å gje opp nummeret på kortet. Det er difor viktig å skrive ned kortnummeret.
