Serviceskyssen i Naustdal

Serviceskyssen er ei erstatning for vanlege bussruter. Skyssen er for alle aldersgrupper.

  • Frå og med februar 2019 er det Firda Billag sine sjåførar som køyrer serviceskyss i Naustdal. Alle ruter går torsdagar.
    Brukarbetaling: kr 30,- kvar veg, utan omsyn til skysslengde.
  • Du kan bruke Serviceskyssen til: handle, post, bank, frisør, kafè, lege, offentlege kontor, gå på besøk m.m.

Ruter til Naustdal sentrum, kvar torsdag :

 

Fimland – Naustdal sentrum

Rute frå Fimland, om lag kl. 09.30

Retur frå Naustdal, om lag kl. 12.30.

Etter nærmare avtale med brukarane.

 

Påmelding til fast sjåfør på ruta, Geir Lunde, tlf. 40412146

innan kl. 15.30 dagen før.

 

Horne/Vatne/Helgås – Naustdal sentrum

Rute frå Horne, om lag kl. 09.30

Rute frå Helgås, om lag kl. 10.00

Retur frå Naustdal, om lag kl. 12.30.

Etter nærmare avtale med brukarane.

 

Påmelding til fast sjåfør på ruta, Arvid Andal, tlf. 91604007

innan kl.15.30 dagen før.

 

Dersom de ikkje får tak i fast sjåfør, kan de tinge skyssen direkte på Firda Billag sin serviceskyss, tlf. 91896400 innan kl 15.30.

 

Har du spørsmål kan du ringe Firda Billag, tlf 91896400, Frivilligsentralen tlf. 57816144, eller servicekontoret på kommunen, tlf. 57816100.

Dagleg leiar Frivilligsentralen
  • Tlf: 57816144
  • E-post: