Saman om E39 og større rassikringsløyving til RV5

E39 og Rv5 går rett gjennom kommunane Jølster, Gaular, Førde og Naustdal. Vi har fleire store prosjekt som må prioriterast i komande Nasjonal transportplan (NTP) – og neste NTP.

Først og fremst gjeld det opprustinga av fleire strekningar på E39 gjennom Sogn og Fjordane. E39 er eit nasjonalt satsingsprosjekt, og vi har i våre kommunar fleire strekningar som krev opprusting raskt, og det betyr at vi treng midlar til planegging og oppstart i NTP.

Rassikring er også viktig. Vi støttar fagetatane sitt framlegg til NTP om skredsikring, samt framdriftsplanen vedlegg 4 til framlegget for ny NTP, men vi krev at ramma til skredskring vert auka slik at det det vert høve til å gjennomføre sikring av RV 5 Førde – Florø. Vi viser i denne samanheng til eigen uttale frå SIS-kommunane om auka midlar til rassikring.

 

>> Les uttale om NTP frå Jølster, Gaular, Førde og Naustdal kommunar. (PDF, 302 kB)

>> Les innspel til NTP skredsikring av Rv 5 Førde - Florø frå SiS (Samarbeid i Sunnfjord). (PDF, 695 kB)

 

Naustdal sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteNaustdal sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Ordførar
  • Tlf: 57816118
  • Mob: 46890950
  • E-post: