Rv.5 Naustdal bru- vegvesenet gjer ny vurdering

 

Naustdal kommune har søkt Statens vegvesen om fråvik frå normalreglar, slik at det kan bli etablert gangveg med rekkverk mot køyrebana på brua.

 

Siste utvikling er at Statens vegvesen vil gjere nøgnare vurdering, sjå brev datert 29.11. i år (PDF, 57 kB)

 

Klikk for stort bilete 

Statens Vegvesen avslo fyrst søknaden om fråvik.

(Brev i frå Statens Vegvesen. - (PDF, 59 kB) fyrste brevet)

 

Naustdal kommune har protestert mot avgjerda.

Ruth Berit Gardsfors har og protestert, på vegner av Råd for menneske med nedsett funksjonsevne- sjå Firda- artikkel.

Rådmannen meiner at kommunen kommunen har søkt om fråvik for eit tiltak som er svært viktig for trafikktrygging og folkehelse, og set stor pris på at Statens vegvesen har vedteke å gjere ny vurdering.