Prosjektleiar for Naustdalslandbruket mot 2025- utlysing.

Sauer på sommarbeite. (Britt Kringlen) - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Prosjektet Naustdalslandbruket mot 2025 skal vidare.

Prosjektet er eigd av faglag, landbruksorganisasjonar kommunen, og har vore aktivt i 3 år.

Det er levert rapport etter kartleggingsfase, og vi har lagt bak oss eit større seminar 27. januar i år.

Det er konkludert med at prosjektet har bidrege til betre motivasjon blant bønder.

Vi søkjer etter ny prosjektleiar.

 

Utlysinga går mot eigne rekkjer, ved e-postlister og kommunen si heimeside. Likevel er alle som måtte ha interesse av stillinga velkomne til å søkje/ tilby teneste. Det er fritt fram å spreie utlysinga til alle som måtte ha interesse.

 

Ved fersk søknad om BU– midlar er desse arbeidsområda peika på:

  • Unngå sal av kvotar ut av kommunen
  • Bruk som ikkje er aktive- søkje å påverke til sal/ framtidsretta ordningar.
  • Transport- samarbeid for minst mogleg transport av for og gjødsel
  • Studieturar
  • Kompetanseheving
  • Omdømebygging
  • Samarbeid i Sunnfjord kommune. Konkret aktualitet ved studieturar, der dette og kan gje betre grunnlag for spesialiserte opplegg

 

Vi har signalisert eit fokus på ungdom og unge bønder, elles vil prosjektleiar kunne ha stor innverknad på arbeidsform.

Det er naturleg å ha eit samarbeid med landbruksforvaltninga i Naustdal kommune, også i høve ein del praktiske forhold.

 

Det er ikkje sett særskilte kompetansekrav. Det blir lagt vekt på kommunikasjonsevne og evne til strukturert arbeid. Kunnskap om landbruksnæring og erfaring frå næringsutvikling er ein fordel.

 

Leiing av prosjektet vil vere ei deltidsoppgåve, og arbeidslasta vil vere ujamn i ulike periodar. Mellombels tilsettingsforhold kan vere aktuelt, men fakturerte tenester frå føretak er eit bra alternativ. Vilkår elles etter avtale.

 

For vidare opplysningar kontakt seksjonsleiar Harald Eikenes, Harald.Eikenes@naustdal.kommune.no, tlf. 57816125/ 91388644, eller ein av leiarane i faglaga, Arild Herstad (47611636) eller Johnny Følling (90928579).

 

Velkomen til å søkje/ tilby tenester innan 22.04.2018