Privat detaljregulering del av midtre Grimsetmarka- Stian Grimseth meldt oppstart.

Detaljregulering del av Grimsetmarka, del av B-f 28 etter kommunedeplan. Omfattar deler av gbnr. 153/ 3 og 4, og 99/40

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Frist for innspel til planarbeid er sett til 31.08.2019.

Eigedomsutvikling as melder oppstart ved brev datert 24.06.2019. (PDF, 672 kB)

Dokument i saka blir tilgjengelege her.

 

Konsekvens for utbygging av område Bf- 28 er utgreidd ved kommunedelplan, kapittel 10.3.9- side 45 i planhefte.

 

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Arealbruken er tilrådd i plan, trass konklusjon på svakt negative verknader.

 

Noko av området Bf- 28 er under utbygging, etter reguleringsplan for Øvre Grimsethmarka.

 

Kommunen har ikkje tilrådd vidare regulering no, slik det går fram av referat frå oppstartsmøte. Negativ tilråding har basis i desse forholda:

  • Uavklart løysing av vegtilkomst til området. Gjeld både framtidig riksveg og tilkomst til den, og aktuell tilkomst ut frå dagens vegnett. Noko uheldig at planen ikkje omfattar heile byggeområdet Bf- 28.
  • Kritisk haldning til vidare utbygging basert på dagens vegsystem både frå Statens vegvesen og frå grendelag mm. i eksisterande byggefelt.
  • Ikkje avklart gode løysingar for skuleveg og tilbod til mjuke trafikantar.
  • Kommunedelplan viser til Naustdal sentrum og Sæla som prioriterte område for utbygging av bustader (pkt. 9.4.3- 9.4.6). Det er alt regulert og bygt mykje i område Stavdalen/ Grimsetmarka etter vedtak av kommunedelplanen.

 

Eigedomsutvikling as har meldt oppstart av planarbeid, trass tilrådinga frå Kommunen. Rådmannen har gitt uttrykk for si haldning til planarbeidet, men har ikkje merknad til at Eigedomsutvikling as hentar inn synspunkt på planarbeidet frå naboar, grendelag, regionale mynde og andre interesserte.

Utsnitt kommunedelplan Naustdal sentrum. Markør ligg på feltet Øvre Grimsethmarka, som er under utbygging.

Klikk for stort bilete