Plandagar Naustdal barne- og ungdomsskule

lnnhaldet i skulen er i stadig utvikling. Denne hausten har Naustdal barne- og ungdomsskule auka skuledagen med 10 min og lagt inn ei økt på 30 min som legg til rette for læring og fysisk aktivitet «ASK». Økta skal også gje høve til klassemiljøarbeid og klasseråd.

 

For å tileigne oss ny kompetanse, er det avgjerande at tilsette får planlegge og evaluere opplæringa i team og på tvers av team og får setje seg inn i nye retningsliner frå sentralt hald.

Sidan elevane på 3.-10. trinn i løpet av skuleåret har nokre timar for mykje, vil dei få fri tilsvarande.

3.-10. trinn: 28.09.16, 21.12.16, 29.03.17, 16.06.16

8.-10. trinn får i tillegg fri: 04.11.16., 7.02.17

Gjer og merksam på kommunal planleggingsdag fredag 28.04.17.

 

Med helsing

Gunn Marit Haugsbø
Rektor

 

 

NBU Spesialromsfløy juni 2016 (Naustdal kommune) - Klikk for stort bilete

Rektor Naustdal barne- og ungdomsskule
  • Tlf: 57816301
  • Mob: 45 61 01 09
  • E-post: