Planarbeid Helsesenter

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – reguleringsplan for Naustdal Helsesenter. Tiltakshavar er Naustdal kommune.

 

Planområdet vil utgjere om lag 4,3 daa. I kommunedelplan for Naustdal Sentrum (datert 12.12.2012) er arealet avsett til offentleg eller privat tenesteyting (O4) og idrettsanlegg (I). Formål med planen er tilrettelegging av areal for plassering av brakkemodul som mellombels lokale for fysioterapeutar m.m. i samband med Helsesenteret.

Ein mindre del av areal skal omdisponerast frå Idrettsanlegg til næringsareal for offentleg eller privat tenesteyting. Dette er i praksis eit restareal mellom utbygd idrettsanlegg og helsesenteret, og er ikkje nytta for leik eller idrett. I planprosessen vil ein leggje til rette for å berre omdisponere det areal som er naudsynt for plantiltak, medan resterande areal vert regulert etter dagens formål for idrettsanlegg.

Det vart halde prosjektsoppstartsmøte med planavdelinga i Naustdal kommune den 20.03.2019, der planprosess og plantema som skal vurderast vart avklara. Tema som skal vurderast i planarbeidet er blant anna trafikk og parkering, born og unge, naturfare og klimatiske forhold.

Formål med detaljplan er i hovudtrekk i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing.

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 29.04.2019

 

Strandgata 15, 6905 FLORØ

Telefon 976 27 000/ 960 18 986

Epost: post@ivestconsult.no