Pålegg om å teste hjortevilt for skrantesjuke

 

Miljødirektoratet har sendt ut eit nytt brev der dei pålegg utvalde kommunar om å teste hjortevilt som er 2 år eller eldre for skrantesjuke.

Dette brevet vart sendt ut 10.07.18 og har ved ein feil frå direktoratet si side ikkje blitt sendt ut til alle berørte kommunar, Naustdal kommune er ein av dei. Brevet frå Miljødirektoratet (PDF, 223 kB)

 

Reinsdyr ved Vonastølen august 2008. (Ola Kringlen) - Klikk for stort bilete

Premissane er altså endra frå frivillig prøvetaking til at det er innført pålegg om prøvetaking på hjortevilt som er 2 år eller eldre.

Møtet går som oppsett den 23 august klokka 19 30. Oppmøte kommunestyresalen i Naustdal.

 

 

 

Med helsing

Henning Malones

Fagleiar skog og vilt