Ordførarane krev rassikring

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) krev rassikring av Rv 5 mellom Førde og Florø. 

SiS har i møte 01.04.16 i Førde vedteke at strekninga Rv. 5 mellom Førde og Florø vert rassikra. Særleg må strekninga Førde-Naustdal og punkt ved Leversundet sikrast.

SiS meiner at dagens løyvingar til rassikring er for små og må styrkast. SiS er likevel oppteken av at tiltaka til rassikring som i dag ligg i NTP, må følgjast slik at ein ikkje endrar rekkjefølgja på dei prosjekt som er prioriterte.

SiS meiner det er heilt avgjerande at Rv. 5 mellom Førde og Florø, og særleg strekninga Førde-Naustdal samt punkt ved Leversundet, må inn i komande prioritering i NTP.

Sis vil be Statens vegvesen straks sette i gang med å kartlegge rasstaden Leversundet på riksveg 5. Alle utgreiingar som manglar må elles på plass slik at prosjektet vert vurdert i komande NTP.

Sis vil straks invitere Statens vegvesen til eit møte for å drøfte framdrift.

Frå SiS er det Rådmennene i Flora og Naustdal som vil følgje opp den vidare prosessen.

Samarbeidsforum i Sunnfjord er samansett av:

Olve Grotle - Leiar i SiS og ordførar i Førde kommune
Oddmund Klakegg - Ordførar i Jølster Kommune
Mathias Råheim - Ordførar i Gaular
Håkon Myrvang - Ordførar i Naustdal
Ola Teigen - Ordførar i Flora Kommune

SiS ordførarane april 2016 - Klikk for stort bilete Førde kommune

Ansvarleg Håkon Myrvang. Sist endra 04.04.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Ordførar
  • Tlf: 57816118
  • Mob: 46890950
  • E-post:  
 
 
Login for redigering