Ope møte om klimaplanen 24. januar 2019

Vi inviterer til folkemøte om forslaget til klimaomstillingsplan torsdag 24. januar i Førdehuset klokka 18.00 til 21.00.

Klimaplan på høyring 

I samband med at den interkommunale klimaomstillingsplanen for 2019–2030 er ute på høyring fram til 31. januar 2019, blir det invitert til folkemøte. Kommunane Naustdal, Gaular, Jølster og Førde har laga ein felles plan då vi blir Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. 


Stad og tid for folkemøte: 

  • Torsdag 24. januar i utstillingssalen i Førdehuset, klokka 18.00 til 21.00

Program for kvelden:

  • 18.00–18:45: Innlegg frå Sunnfjord Miljøverk, Vestlandsforsking (klimatilpasningssenteret) og informasjon om planen.
  • 18.45–20.30: Gruppearbeid om tema i planen. De kan velje sjølv kva gruppe de ønskjer å gje innspel til, og det vert rullering for dei som ønskjer å gje innspel til fleire temaområde.
  • 20.30 – 21.00: Oppsummering
     

På møtet kan du stille spørsmål og kome med innspel til dei som har jobba med planen i dei fire kommunane. 

I tillegg vil fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Miljøverk og Vestlandsforsking vere til stades på møtet og kan gi svar om spørsmåla gjeld fagområda deira.  
 

Velkommen!