Offentleg ettersyn av kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune har i møte 18.09.2019 vedtatt å legge framlegg til kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2020-2023 ut på offentleg ettersyn.

 

 

 

Planen er å finne på nettsida til Sunnfjord kommune: prosjektsunnfjord.no under Aktuelt, og på kommunehusa/rådhuset.

Ev. merknader skal sendast skriftleg til Førde kommune, postboks 338 6802 Førde eller på e-post postmottak@forde.kommune.no, innan 07.11.19.

Merk innspel Sunnfjord kommune, arkivnummer 19/12.

Invitasjon til dialogmøte

I samband med ettersynsrunden inviterer vi, i samarbeide med fylkeskommunenen, Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane og Idrettskrinsen Sogn og Fjordane til eit ope dialogmøte.

Dette er lagt til Førdehuset, Utsillingssalen, tysdag 22. oktober kl 18:00 – 21:00

Involvering står sentralt i møtet, med gruppearbeid og plenumsdiskjonar der både politikarar,  idrettsorganisasjonar og andre som fremjar fysisk aktivitet og engasjerte innbyggjarar vert inviterte til å delta.

Målet er å ha ein politisk vedteken og oppdatert plan for anleggsutvikling innan idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv og nærmiljøanlegg både på kort og lang sikt.

Vi ynskjer og å ha konkrete tiltak med klare målsetjingar og måling av effekt. Døme på slike tiltak er tilskot frå kommune til å legge til rette for, og sette i verk, prosjekt for personar med nedsett funksjonsevne, tiltak som har fokus på inkludering og integrering, etablering av frisklivssentralar og fleire gang- og sykkelvegar, med meir.

Kva og korleis

Viktige spørsmål som vert stilt er blant anna;

-           Korleis fremje eit meir aktivt friluftsliv? 

-           Korleis kan idretten nå nye målgrupper ved både nye typar anlegg og tiltak ?

-           Kva tiltak skal idretten og andre organisasjonar setje i verk for å hindre fråfall frå   organisasjonsliv ?

-           Korleis etablere meir fysisk aktivitet i skulen og korleis kan skuleområdet utformast for å få fleire meir fysisk aktive ?

-           Korleis kan SFO tilbodet utviklast for å tilby eit opplegg for fysisk aktivitet ?

-           Bygger vi dei rette anlegga og saknar du tilbod innan ditt idrettslag eller din friluftslivorganisasjon?

 

Om du har lyst til å vere med på å skape utvikling i den nye kommunen vår så er du hjarteleg velkomen til å delta i Førdehuset denne kvelden!