Nye planar for helse- og omsorgsektoren

Helse-omsorg plan - Klikk for stort bilete Kommunestyret gjorde i siste møte før sommarferien vedtak om to planar for utvikling av helse og omsorgssektoren i kommunen.


Du kan laste ned og lese plandokumenta her:
 

Utviklingsplan for helse og omsorg (PDF, 449 kB)

 

Plan for habilitering og rehabilitering (PDF, 514 kB)

  

     

    
   

Gjennomføring av tiltaka i Utviklingsplanen vil avhenge av naudsynte løyvingar i budsjett og økonomiplan.

Kommunestyret har vedteke slik prioritering av tiltak i Utviklingsplanen:

1.   Viktig å sette igang bygging av omsorgsbustadar i 2019.

2.   Fullføre planane for trafikk- og parkeringsareal, og sansehage ved Naustdal
       sjukeheim.

3.   Planlegge etablering av dagtilbod til heimebuande demente i «Hus 4».

4.   Tilbakeføring av avd Seljetunet til sjukeheimsavdeling i 2019 med einerom.(8)

       Lønsmidlar til bemanning for ordinær sjukeheimsavdeling.

5.   Gjennomføring av Frisksenter-planane – samlokalisering av helsetenester i
       Naustdal sentrum.

6.   Behov for nye stillingar (intern prioritering avhengig av behov)

  • Tilsette / vidareføre stilling som ergoterapeut.
  • Utvide stilling i hjelpemiddelforvaltninga, 50%.
  • Tilsette / vidareføre 100 % stilling som psykiatrisk sjukepleiar. 

7.    Frå 2018, gjennomføre brukarundersøking annakvart år i alle tenesteledd innan
       helse- og omsorg.