Nye helsekrav for førarkort

For å ha lov til å køyre må du vere skikka til å kunne køyre på ein trygg måte. Om du er skikka trass i sjukdomstilstand går fram av helsekrava i vedlegg 1 i førarkortforskrifta.

Frå og med laurdag 1. oktober 2016 trer nye helsekrav for førarkort i kraft.

 

 

Helsekrava står oppført i vedlegg 1 til forskrift om endring i førarkortforskrifta. Helsekrava er ei detaljert skildring av ulike sjukdomstilstandar som er vurdert å utgjera ei helserisiko i trafikken. Helsekrava er i praksis ei helsefagleg utdjuping av overordna føresegn i vegtrafikklova om køyreevne:

Vegtrafikklova § 21 første ledd:

"Ingen må føre eller forsøke å føre kjøretøy når han er i en slik tilstand at han ikke kan anses skikket til å kjøre på trygg måte, hva enten dette har sin årsak i at han er påvirket av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel, eller i at han er syk, svekket, sliten eller trett, eller skyldes andre omstendigheter."

Meir informasjon om helsekrav for førarkort.

 

 

Fylkesmannen informerer - Klikk for stort bilete

Kommunelege / seksjonsleiar helse
  • Tlf: 57816020
  • E-post: