Ny avtale om boshenting frå 29. september.

Sunnfjord Miljøverk har inngått avtale med NordRen AS om innsamling og transport av avfall i SUM-kommunane. Den nye avtalen gjeld frå fredag 29. september 2017.  

Ingen konsekvensar for kundane

Kundane i SUM-kommunane Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Førde, Jølster og Naustdal har ikkje opplevd konsekvensar av konkursen 19. september til RenoNorden AS.

 

Tømmerutene har gått som normalt fram til og med torsdag 28. september. Frå fredag 29. september vil den nye avtalen med NordRen AS tre i kraft og alle ruter vert køyrd som før.  

 

NordRen AS har inngått ny avtale med SUM

Avtalen med NordRen AS varer fram til 31. mars 2019. NordRen AS overtar materiell, lokale og personell som vart nytta av RenoNorden. Det blir same ruter og tømmefrekvens som tidlegare.

 

Avtalen startar 29. september 2017 og alle ruter blir då køyrd som før, av same personell, med dei same bilane. SUM skriv på sine nettsider at dei håpar og trur at overgangen til ny leverandør går saumlaust og utan merknad for våre abonnentar.

_q9z5142_web_format.jpg - Klikk for stort bilete