No får du digital post frå oss

Naustdal kommune har gått over til å sende post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den postkassen du har valt. Om ikkje du har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn.  

 

digital_postkasse_illustrasjonsbilde_1 - Klikk for stort bilete

Opprett ein digital postkasse 

Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er difor nyttig for deg å opprette ein digital postkasse der du får samla all post frå det offentlege.

 

Du kan velje mellom to postkassar – Digipost eller e-Boks. Les meir om korleis du opprettar digital postkasse på www.norge.no

 

Korleis mottar du posten framover?

Når du får digital post frå Naustdal kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn på din postkasse. Du kan logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides. 

 

Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt når du har ein digital postkasse. Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ønskjer. 

 

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Brev frå Naustdal kommune vil du få i Altinn om du ikkje har digital postkasse frå e-Boks eller Digipost. Merk deg at dokument som ikkje er opna i Altinn innan to yrkedagar blir skrivne ut og sende via Posten på papir. 

 

Du kan også reservere deg mot kommunikasjon på nett. Du vil då få post frå det offentlege på papir, slik som før. Les meir om korleis du reserverer deg på www.norge.no/reservasjon

digital_postkasse_illustrasjonsbilde_1 - Klikk for stort bilete