Naustdalsnaustet, er det ein ide?

Det har kome opp ide om eit permanent bygg på pynten mellom båhamna og Sanden- stranda.

Det er vist til at det blir sett opp telt for arrangement fleire gonger for året. Eit permanent bygg kunne ha fordelar, og utleige av båtplassar om vinteren kunne vere med å finansiere drift?

Publisert av Harald Eikenes. Sist endra 06.07.2017 av Harald Eikenes

Enkel kartmarkering av mogleg tomt - Klikk for stort bilete

 

Pil viser aktuelt område. Flata på pynten er rundt 1,4 da brutto (asfalt og grus), alt etter korleis ein målar.

Kommunedeplan for Naustdal Sentrum har avsett området til båthamn. Ser ikkje ut til å vere særskilt føresegn ut over det.

Valborg Leivestad sin illustrasjonsplan frå 90- talet hadde med klubbhus på del av denne flata.

Urabane rykte- rapporten har med skisser til installasjonar på same tomta. Er nok og fleire rapportar og dokument som skisserer bruk, eller legg føringar for bruken.

Fyrste reaksjonar:

  • Båtlaget seier at dette er interessant. Dei har ikkje funne økonomi til å gå vidare med bygg på eiga hand.
  • Tambar seier ja, bra ide! Vil gjerne sleppe tung rigging for arrangement. Konkrete tips om minimum storleik.
  • Frivilligsentralen likar og ideen. Tips om innhald som bør vere, med tanke på deira arrangement.

Næringslivsfolk har sagt at dette må gå an å få kapitalbidrag til.. 

Kan vere grunnlag for støtte av tilskotsmidlar.

Elles har det vore lufta ide om at naustet kunne innehalde installasjon for formidling av nyare historie om ferdsel langs fjorden, kommunikasjon før og no. Dei arkeologiske funna knytt til leidangsnust kan presenterast tilsvarande?

Vi prøvar å ramme inn ideen litt. Så må det bli ei politisk runde før det eventuelt blir vidare sak av ideen. Om det blir vidare sak, så må vi finne ein eigna måte til å involvere alle som måtte vere intereressert.

Det enklaste er å bygge luftslott. Alternativt kan ein seie at det ikkje kan skade å drøyme litt. Om det skal byggast noko, så må vi ha i botn at det skal ta seg ut, uansett kva stil eit bygg elles måtte ha. Og noko kunst..

Naustdalsnaustet er kanskje noko du har meinigar om? Gje gjerne innspel til harald.eikenes@naustdal.kommune.no, eller til servicekontoret.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering