Naustdal kommune vil starte opp att Ungdomsrådet .

Kommunen har bruk for di hjelp med å nominere kandidatar frå lag og organisasjonar.

Send framlegg til kandidatar til: postmottak@Naustdal.kommune.no              innan 30.08.18.

Etter ein periode utan aktivt ungdomsråd, ynskjer kommunen no å få i gang att dette viktige rådet for å ta vare på barn og unge i Naustdal sin medverknad. Dette er særskilt viktig i  prosessane fram mot kommunesamanslåing i 2020.

Naustdal kommunehus - Klikk for stort bilete

Linda Angvik ( mob. 47334281) er tilsett for å følgje opp og leie dette arbeidet i samarbeid med Bente Ullaland frå NBU og Turi Bruland frå rådmannen sin stab.

Ungdomsrådet er samansett av 7 representantar med vararepresentantar, 13- 21 år, busett eller heimehøyrande i Naustdal kommune.

Ungdomsrådet skal så langt råd er ha lik kjønnsfordeling.

Elevrådet skal ha 4 representantar med vara.

Tambarskjelvar idrettslag vel 1 representant med vara, i alderen 16-21 år.

Rampen ungdomsklubb er nedlagt, difor må vi ha 2 representantar med vara frå politiske ungdomsorganisasjonar, andre lag/organisasjonar, alder 16-21 år.

§ 5 Arbeidsoppgåver:

  1. Ungdomsrådet skal arbeide med saker som fører til auka trivsel og betre vilkår for ungdom i kommunen.
  2. Syte for å ha god kontakt med ungdomane i kommunen og følgje opp innspel og ønskje som kjem i frå denne gruppa.
  3. Sakliste og sakspapir til møte i dei politiske komiteane, formannskap og kommunestyret skal sendast til Ungdomsrådet ved leiar og nestleiar.
  4. Medlemmane i Ungdomsrådet har taletid i tilknyting til komiteane, formannskapet og kommunestyret , der ungdom har særlege interesser.
  5. Ungdomsrådet skal trekkast aktiv inn i planarbeid der ungdom sine interesser vert råka.
  6. Ungdomsrådet vel utsendingar til Fylkestinget for Ungdom i Sogn og Fjordane.

 

Med helsing

Ordførar Håkon Myrvang