Naustdal helsestasjon på Facebook

 Vi inviterer alle foreldre i Naustdal til å like og følgje sida vår på Facebook.

Her vil vi legge ut informasjon retta mot foreldre til barn i alle aldre i Naustdal.

Både praktisk informasjon og lenkjer til informasjon som vi ynskjer å dele med dykk vert lagt ut her.

Sida er ikkje eit diskusjonsforum, ta kontakt med helsesøster om noko er uklart.

Om ein ynskjer å dele aktuelle saker som kan vere interessant for foreldregruppa tek ein kontakt med helsestasjonen.

 

Solrun Krakhellen

Leiande helsesøster

 Jente ved gjerde. Illustrasjonsfoto. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete