Meld ifrå om bålbrenning

Vi går inn i ei påskehelg, og værmeldinga melder om lite nedbør og austavind. Det kan føre til lokalt stor brannfare i skog og mark.

 

Bålbrenning - Klikk for stort bilete

Dersom du har planar om å brenne bål i påska, skal du melde i frå til Alarmsentralen, tlf 5775 1400, og innhente løyve frå brannvesenet.

 

Dersom brannvesenet må rykke ut til bålbrenning, og det er vist grov uaktsomheit, vil tilhøvet verte meldt til politiet med krav om at den ansvarlege må betale for brannvesenet sine utgifter med brannutrykninga.

 

 

Med helsing

Bernhard Øberg

Brannsjef