Kunngjering vedtak av detaljregulering Engebø

Redalen mot Vevring. Engebøfjellet midt i bildet. - Klikk for stort bilete

Kommunestyret vedtok i møte 22.08.2019 sak 18/144 Detaljreguleringsplan for Engebø.

 

 

Vedtak i kommunestyret:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 vedtek Naustdal kommune detaljreguleringsplan - Engebø, planid 1433-20180049.

 

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

 

Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

 

Saksdokument
Plankart, reguleringsføresegner og planbeskriving slik dei blei vedtekne, kopi av saksframlegg og saksprotokoll og andre sentrale saksdokument er tilgjengelege på Internett-sida vår:
Naustdal kommune.no

Dokumenta vil òg vere tilgjengelege på servicetorget til kommunen i perioden fram til klagefristen går ut. Dersom de ønskjer ein kopi av dokumenta, kan de kontakte servicetorget på tlf. 578 16 100

 

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i avisa Firda Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 19.sept.19.

 

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42.