Kunngjering av Kommunedelplan for Vevring

I møte 17.3.2016 vedtok Naustdal kommunestyre kommunedelplan for Vevring i medhald av plan- og bygningslova § 11-15. Kommunestyret sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast.

Planavgrensinga for ny plan strekkjer seg i frå Redalen i aust og til Kvellestad i Vest, og kommunedelplanen erstattar følgjeleg kommuneplanens arealdel for nemnte område.

Hovudføremålet til planen er å avklare bruk og vern av areal for planområdet (Redalen-Kvellestad). Viktige tema er sentrumsutvikling, næringsareal, bustadområde, fritidsbustader, offentlege tenester, fellesareal og samferdsel.

Sjå / last ned Kommunestyret sitt vedtak og plandokument her:

 

Vevring sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteVevring sentrum (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

Ansvarleg Ørjan Stubhaug. Sist endra 28.06.2016
Kommunalsjef for samfunnsutvikling
  • Tlf: 57 81 61 23
  • Mob: 90999676
  • E-post: