Allsidig lokale til leige i Naustdal i Sunnfjord

Naustdal kommune har bygd eit flott kulturhus med sentral plassering. Lokala leiger vi med glede ut til deg som har ei tilskiping og treng god plass.

 

NBU Spesialromsfløy juni 2016 - Klikk for stort bilete

Har du ansvar for å skaffe eigna lokale til konferanse, møte, bryllup, dåp, konfirmasjon, konsert, teater, kino, utstilling eller anna arrangement, så er kulturhuset i Naustdal godt eigna.

Kulturhuset kan brukast med bord og stolar for opptil 100 gjestar. Eller ein kan trekke ut stolrad for 120 gjestar.

Kiosk- og kjøkkenfasilitetar kan leigast i tillegg om det er behov for det 

Er du på jakt etter å leige lokale i Førde, i Florø, eller andre stader i Sunnfjord, så hugs at Naustdal kulturhus ikkje er langt unna. 

Berre fantasien set ein stoppar til kva ein kan bruke kulturhuset til: konferanselokale, konsertlokale, festlokale, bryllupslokale, konfirmasjonslokale, møtelokale eller til det føremålet og dei tilskipingane du måtte ønskje.

Lokalet har scene med topp moderne framvisar/prosjektor med lerret, lyskastarar og lydanlegg, som enkelt kan styrast frå eit styringspanel eller i kontrollrom.

 

For bestilling kontakt Øystein Ullaland på telefon: 476 90 215 eller e-post Oystein.Ullaland@naustdal.kommune.no

 

Velkommen til Naustdal.

 

Utleigekoordinator
  • Mob: 476 90 215
  • E-post: