Konkurranse - Besøk 10 av 13 turmål i Naustdal kommune i tidsrommet 01.05 - 31.12.2017

Tre gåvekort a kr. 1.500 vert trekt ut mellom dei som besøker 10 av 13 turmål i tidsrommet 1 mai til 31 desember.

Tursti-styret ( "Over stokk og stein" ) arrangerer i år ein konkurranse der ein premierar dei som har besøkt minst 10 av dei 13 turmåla vi har. Det vil bli trekt ut 3 gåvekort a kr. 1.500 mellom dei som klarer dette i tidsrommet 01.05 - 31.12. 2017.

Bakerst i turboka  ( på omslaget ) finn du "Turkode 2017" Dette er tre bokstavar som du må fylle inn på skjemaet som du finn i lenken under her. I tillegg må du skrive inn dato for besøket. Det kan ta noko tid før ein får skrive inn turkode i alle bøkene. Manglar det turkode i boka så godtek vi at du kun skriv inn dato. 

Konkurransen er finansiert av Turstiprosjektet i Naustdal og Tambarskjelvar IL, trimgruppa.

 For å vere med i trekninga må du levere skjemaet til Naustdal kommune, servicekontoret eller elektronisk til :postmottak@naustdal.kommune.no  innan 31.12.2017.

Registreringsskjema får du på servicekontoret i Naustdal eller ved å laste det ned her. (PDF, 96 kB)

Bekk som renn ned i Tjønnadalen. - Klikk for stort bilete

Fagleiar skog og vilt
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: