Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Førehandsrøysting

Innanriks veljarar som ønskjer å røyste på førehand, kan gjere dette i tidsrommet 12. august – 6. september 2019.

 

 

I Naustdal kan du røyste her:        

Kommunehuset i Naustdal:

Måndag til fredag veke 33, 34 og 35 – kl. 08.00-15.30

Laurdag veke 26 (31. august), kl. 12.00-16.00

Måndag til onsdag veke 36 – kl. 08.00-16.00

Torsdag veke 36 – kl. 08.00-17.00

Fredag veke 36 – kl. 08.00-18.00

 

Det vert sendt ut valkort til veljarane.

Valkortet bør takast med når du kjem for å røyste.

 

Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimere seg.

Ta difor med legitimasjon.  Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

 

Førehandsrøystinga på Naustdal sjukeheim vert kunngjort med oppslag på institusjonen.

 

Ambulerande røystemottaking

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp på valdagen eller røyste på førehand på anna vis, kan du be om å få røyste heime eller der du har tilhald. Søknad om å få røyste til ambulerande røystemottakar må vere motteke hos valstyret seinast tysdag

3. september 2019.

 

Har du spørsmål om noko, ta kontakt med servicekontoret på telefon 57816100.

 

VALSTYRET